Jølster er ei kulturbygd midt i Sunnfjord med gode høve for eit innhaldsrikt friluftsliv ved fjord og på fjell. Jølster er ein vakker stad midt i målaren Nikolai Astrup sitt rike. Her er mange lag- og organisasjonar. Jølster har ei variert og tradisjonsrikt kulturliv.
Det er to tettstader i Jølster; Skei og Vassenden, som ligg i kvar sin ende av Jølstravatnet. Her er tre kyrkjer: Helgheim, Ålhus og Vassenden. Kyrkjesenteret på Vassenden er ei moderne arbeidskyrkje med kontor, salar og kyrkjerom. Det er trusopplæring på kyrkjesenteret og Skei misjonshus. På Skei er det ei stor speidergruppe KFUK/M.
Det bur om lag 3100 i Jølster og av desse er 80% medlemmer i kyrkja. Det er to sokneråd i Jølster. Jølster ligg sentralt i Sogn og Fjordane, E39 og RV5 går gjennom Jølster og avstanden frå Vassenden til regionsenteret i Førde er 20 km. Det gjer at mange pendlar til arbeid i Førde. Jølster er ein del av Sunnfjord kyrkjelege fellesråd og Sunnfjord kommune. Kyrkjekontoret er på Vassenden kyrkjesenter. Her arbeider organist i 90%, det er to tilsette i trusopplæring med 20% kvar. Tysdagar er det stabsmøte, tidebøn og lunsj med frivillige på kyrkjesenteret. Dette er ein fast møtestad mellom tilsette og frivillige. Kyrkjeverjen har fast kontorstad i Førde, og her er det fleksible kontorplassar for samarbeid og samhandling.
I fellesrådet arbeider det 38 tilsette i om lag 20 årsverk. Vi er sju prestar i fellesrådet kor samarbeidet fungerer godt. Vi har eit mål om å fordele oppgåvene slik at kvar av dei får gjere meir av det dei trivst godt med og er gode på. Prosten er leiar for prestenesta i Sunnfjord prosti. Med jamne mellomrom samlar prosten prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Vi tilbyr prestebustad. Prestegarden på Ålhus er ein viktig kulturhistorisk eigedom i Sunnfjord. Mest kjend er den som barndomsheim til kunstnaren Nikolai Astrup. Bustaden ligg like ved Ålhus kyrkje og er ein stor tradisjonell prestegard, med stor hage og dobbel garasje.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. Der kan du også lese meir om stillinga.
