Naustdal Barnekor

Er du glad i musikk og song? Både gamle og nye medlemmer er velkomne til å vere med i Naustdal barnekor frå hausten der vi syng, dansar og leikar ilag. Vi ynskjer å starte opp ei ny apirantgruppe for 1. og 2. klassingar som vil ha øvingar annakvar onsdag kl 13.10- 13.50. Dei andre onsdagane vil det vere korøving for 3. klasse og oppover (same klokkeslett). Om det ikkje blir så mange barn i ei av gruppene, kan det vere vi slår saman gruppene etter kvart. Framføringar kjem aspirantgruppa og korgruppa til å ha ilag. Denne hausten skal vi øve fram mot konsert med artisten Bjarte Leithaug som vi skal ha i Førdehuset 27. oktober i lag med barnekora i Førde, Jølster og Fjaler. Det er kjekt å stå på scena i lag med mange andre, og vi trur at dette skal bli ei inspirerande oppleving for borna.

Publisert:

Velkomen til barnekor! Foto: Arne Kleiva.
Velkomen til barnekor! Foto: Arne Kleiva.

Viktig info: 

Første øving  for aspirantkoret (1. og 2. klassingar) blir 26. august, altså den andre skuleveka. Vi  kjem til skulen kl.13.00  og hentar dei barna som er påmeldt. Vi fylgjer barna tilbake til SFO når øvinga er ferdig.

Første øving for barnekoret (3. kl og oppover) blir 2 september. Vi kjem også her og hentar på skulen kl.13.00, men barna går sjølve tilbake til SFO når øvinga er ferdig.

NB! Vi må ha påmelding med kontaktinfo til foreldre før første øving (dette er viktig både for oss og SFO). Også dei som har vore med før, må sende påmeldig på at dei blir med også dette skuleåret. Påmelding skjer ved at de registrerer barnet dykk via Minkirkeside.no/sunnfjord  eller nyttar denne QR- koden.  NB! Vi tar berre inn nye medlemmer i løpet av dei første vekene (ikkje midt i semesteret). Neste opptak blir i januar. 

Vi kjem til å nytte SPOND slik at det kan vere lettare for foreldre å fylgje med i informasjonen. Last ned Spond-appen på mobilen og skriv inn gruppekode KAUYJ.  

Koret er medlem i KFUK-KFUM, og det blir ein (symbolsk) medlemskontingent.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"