Lys vaken - minileir i kyrkja 18.-19. november 2023

I november og desember er det mange 5. og 6 klassingar landet rundt som er med på overnatting i si lokale kyrkje. Arrangementet heiter Lys vaken og dette kan du få vere med på i kyrkja på Vassenden 18. - 19. november. Det startar laurdag kl. 16.00. Om ettermiddagan kan du velje mellom idrettsaktivitet i hall, dans, drama eller gjenbrukskunst/formingsaktivitet. Elles skal vi blant anna ete og kose oss, leike, kanskje nyte stjernehimmelen rundt bålpanna om vêret blir klart og overnatte i kyrkjerommet (om du heller vil sove heime, men vere med laurdag kveld og søndag er det sjølvsagt lov).

Lys vaken - minileir i kyrkja 18.-19. november 2023
Søndag
På søndag blir det gudsteneste kl.11.00 som er åpen for alle. Då kan familie
komme og vere med. Etter gudstenesta blir det kaffe og kaker og
utlodning til kyrkjelydens grøne prosjekt i
India.

Vi skal ikkje vere vakne heile natta, men Lys vaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss, lys vakne for kvarandre, for rettferd og skaparverket.

Meld deg på!
Du må melde deg på Lys vaken innan 10. nov ved å gå inn på denne linken:
minkirkeside.no/sunnfjord. Der vel de kva aktivitet de skal vere med på
om ettermiddagen.
 

Leiarar som blir med:
Sokneprest Silje Sørebø, kyrkjearbeidar Andrine Haugen Lundekvam, speidarleiar Aase Britt Øygard m.fleir. Nokre ungdommar frå vgs blir også med. Det er fint om foreldre/føresatte har lyst å hjelpe til. Meld dykk isåfall ved påmeldinga.

Dette må du ta med på leir:
Ein liten premie til utlodninga søndag (helst noko brukt heimafrå som andre kan ha glede av)

  • Sovepose og liggeunderlag (og eventuelt pute)
  • Tannbørste og pysjamas
  • Varme klede (til å vere ute)
  • Innesko dersom du skal vere med på idrettsaktivitet i hall
  • Godteri for ca 25 kr til å dele (vi samlar inn slik at vi deler med kvarandre)
  • Mobilar som er med, blir oppbevart i mobilhotell under leiren.


Velkomen til leir! Håpar du har lyst å vere med!

Venleg helsing, trusopplæringsutvalet i  Helgheim og Ålhus sokn 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"