Byter ut gudsteneste med open kyrkje
Sidan dagens smitteverntiltak set ei grense på 10 personar i kyrkjelyden, byter vi ut vanlege gudstenester med open kyrkje i Bygstad 14. januar kl.10.30-11.45 og på Sande 14. januar kl.13.30-14.45. Det blir høve til lystenning, til å be om forbøn, samtale og nattverd. Vi les også dagens tekstar og det blir kort minipreik og vi syng ei salme. Velkomen innom – inntil 10 personar om gongen! Utdeling av Bibelen til 5. klasse blir utsett til seinare.