Hjort på gravplassen i Bygstad

Gaular sokneråd inviterte til synfaring etter gudstenesta 24. april i Bygstad med tanke på korleis vi på best mogeleg vis kan løyse utfordringa med hjort på gravplassen.

Foto frå Pixabay

Hjorten forsyner seg grovt av alt som er etande av pynt på gravene i Bygstad. Dette har vore eit aukande problem gjennom fleire år. Det kan vere både fortvilande og opprørande å finne gravene og gravplassen slik. I Bygstad er det ikkje eitt eller to dyr, men ein heil flokk med dyr som har funne ut at det er lettvinn mat å finne blant pynten på gravene. Å ta ut enkeltdyr blir difor sett på som lite effektivt for å få slutt på problemet.

Alternativet kan vere å sette opp eit gjerde. Men gravplassen ligg midt i bygda og er godt synleg. Korleis sette opp gjerde som blir estetisk greitt? Høgda må vere mellom 2 og 2,5 meter!

Fellesrådet har henta inn ulike innspel frå stader der ein har måtta laga gjerde, alt frå reine nettinggjerde, elektriske gjerde, kombinasjon mellom gjerde og straumførande trådar over, skigard m.m.
Tett hekk har også vore vurdert, men erfaringar frå andre stader er at det fungerer dårleg.

Soknerådet har drøfta saka i møte 23. februar.
Vedtak: «Saka må på høyring i kyrkje- og diakoniutvalet i Bygstad. Vi vil bruke kyrkjebladet til i invitere til folkemøte med synfaring etter gudstenesta i Bygstad søndag 24. april.»

Med dette vil soknerådet at folket i bygda blir høyrde og kan vere med å påvirke. Det er fint om bygdefolket engasjerer seg, møter opp på synfaring ved gravplassen etter gudstenesta, - gjerne med konstruktive idear og tankar til korleis vi på best mogleg vis kan finne ei løysing på denne utfordringa. Rådet frå synfaringa blir teke med i den vidare handsaminga der kyrkjeleg fellesråd til slutt må gjere eit endeleg vedtak.

Det var om lag 10 personar som møtte 24. april. Det var forståing for at det er naudsynt med gjerde rundt heile gravplassen for å hindre hjorten i å komme inn. Men alle var opptekne av at det måtte takast omsyn til det estetiske, særskilt i området ved parkeringsplass og mot vegen.

Konklusjonen det var semje om er slik:

  1. Ønskje om smijernsgjerde (med svart netting) i området rundt parkeringsplass, dvs. frå vegen mot klokketårn og på muren ned mot gravplassen på nedsida av parkeringsplassen.
  2. Ønskje om inngangsportal i smijern.
  3. Primært ønskjer ein også smijerngjerde mot vegen på oversida av gravplassen dersom det blir godkjent av vegvesenet.
  4. Det øvrige området kan ein nytte elektrisk gjerde med galvanisert streng.
  5. Forslag om at det blir lågare gjerde der muren er høgst, slik at hjort som likevel måtte komme seg inn har ein plass å hoppe ut att.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"