Velkomen i kyrkja igjen!
Kva er det med Jesus og sauer?
Jesus snakkar på søndag om at tjuvar og røvarar kan snike seg inn, skape uro og spreie flokken. Vi er vel mest opptekne av at det er Covid som spreier oss akkurat no. Men vi kan samlast att, om enn noko spreidd med tilviste plassar og to meters mellomrom. Ein spreidd flokk kan samlast i kyrkjerommet komande søndag. Då er det gudsteneste på Sande kl.11.00 og i Viksdalen kl.15.00. Men kyrkjelyden sitt årsmøte blir utsett til seinare. Hyrdingen kallar - og vi "samlast" på søndag. Vel møtt!