Konfirmasjon om hausten

Dei som skreiv seg inn som nye konfirmantar våren 2019 blir dei første som går inn i den nye ordninga og blir konfirmert hausten 2020 i staden for om våren 2020.

Konfirmasjon om hausten

Kvifor gjer ein denne omlegginga?
Etter kommunesamanslåinga blir konfirmasjonsførebuinga teke ut av skuletida også i Gaular.

Konfirmasjonsførebuing i skuletida har vore enkelt på den måten at den ikkje kjem i konflikt med korkje lekselesing eller andre fritidsaktivitetar ungdomane er med på. Soknerådet har diskutert ulike løysingar og ser at om ein legg undervisning til ettermiddagstid gir det utfordringar i høve kor opplagde konfirmantane er og kor motivert dei er for meir undervisning. Med lekselesing og eventuelle andre organiserte fritidsaktivitetar vil mange ungdomar få ein lang dag.

Soknerådet har difor vurdert andre alternativ og henta idear frå korleis ein løyser denne utfordringa andre stader i landet. Mange stader har ein gått tilbake til den ”gamle” måten å gjere det på med konfirmasjonsførebuing om sommaren og haustkonfirmasjon. Etter drøftingar har soknerådet i Gaular i møte 28. februar 2017 gjort vedtak om at ein vil prøve ut dette alternativet også her hos oss.

Konfirmasjonsførebuinga ser no slik ut:

Vår 2019:
- Innskriving av nye konfirmantar 2019/2020

Haust 2019:
- Informasjonsmøte for konfirmantane sine føresette
- Introduksjonssamling for konfirmantane (kveldstid) Bli kjent, gruppeval, opplæring som kyrkjevertar m.m.
- Tur for dei som har friluftsliv som gruppeval
- Miljøsamling: Øve til lysmesse m.m.
- Gjennomføring av lysmesse

Vår 2020:
-Miljøsamling: Førebuing til Fasteaksjonen
-Gjennomføring av fasteaksjonen

Haust 2020:
-Undervisning siste veka før skulestart (veke 33): Måndag – torsdag 09-15
-Fredag fri
-Laurdag 15.08. kl 10.00 til Søndag 16.08 kl 10.00: Weekend med øving til samtalegudsteneste
-Søndag 16.08 kl 20.00: Gjennomføring av felles samtalegudsteneste


Konfirmasjonar
Sande 23. august
Viksdalen 30. august
Bygstad 06. september

Som de ser vil konfirmantane vere med i gudstenester m.m. gjennom heile konfirmantåret slik som i dag. Men det aller meste av undervisninga vil skje i siste veka før skulestart. Det betyr at ein det året ein har konfirmant ikkje kan planlegge ferietur siste veka før skulestart då ingen konfirmant får fritak frå undervisning den veka.

Dette blir ei stor overgang for fleire av oss, men me tenkjer at får andre det til å fungere hos seg skal i alle fall me få det til her hos oss ?

Soknepresten

(*Tur til Polen for 10. klasse blir etter samråd med skulane lagt etter konfirmasjonane.)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"