Gruppeval konfirmantar 2026-2027

Kort om gruppeval for konfirmantane i Gaular:

Publisert:

To konfirmanter leser på et ark.
A) Friluftsliv:
Denne gruppa går pilegrim over fjellet med overnatting under open himmel.  Må vere i god form, ha god sekk og gode sko!  Konfirmant får låne fjellduk til å ha over sovepose/halde seg varm med.  (Maks 14 konfirmantar.)
 
B) Myldrekyrkje:
Bli med og planlegg og gjennomføre Myldrekyrkje som vertskap.  Myldregudsteneste er ofte knytt opp til ein aktivitet for heile storfamilien, alltid ut frå dagens tema.  Planlegging går ut på å lage aktivitet/postar/stasjonar vi vil ha med i gudstenesta.  Gjennomføring er å vere vertskap/medhjelpar på aktivitet/gjennomføring av ein annleis gudsteneste.
 
C) Musikk:
Om du spelar instrument eller har ei god stemme kan du vere med å berike konfirmantane si samtalegudsteneste som er siste gudsteneste før konfirmasjon.  Du kan også vere med på galleriet saman med andre forsongarar i gudsteneste.
 
D) Barne- og ungdomsarbeid:
Her kan du få vere gruppeleiar for Tårnagentar (3.klassinar), vanlegvis siste helg i januar.  Det kan også vere aktuelt å bli medhjelpar på bibelkurs for 5. klassingar, medhjelpar på barnekor o.l.
 
E) Zett-samlingar:
Samtalegruppe for liv, tru og Bibel.  Fem samlingar, tre før jul og to etter nyttår.  Truleg torsdagar etter skuletid.
Typisk samling ser slik ut:
14.45-15.15 Enkelt måltid (f.eks taco, pizza)
15.30-16.30 Gruppe:  a)  Intro til dagens tema
b)  Samtale i gruppa ut frå tema eller spørmål
c)  Bibelforteljing
d)  Avslutning
16.30-17.00 Lekser/fri/spel i kjellaren for dei som vil.
 
F) Friviljug/praktiske oppgåver:
Dette er ei gruppe som høver godt for dei som likar praktisk arbeid.  Arbeidet blir leia av kyrkjetenar eller kyrkjegardsarbeider.  Det kan vere alt frå måling, pussing av sølv, stell av gravplass m.m.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"