Temasamlingar: Vegen vidare

Temasamlingar for vaksne i Førde kyrkje hausten 2023. Kva lengtar du etter i livet ditt? Vi har mange ynskjer og draumar for liva våre. Vi kan leve gode liv og ha det materielt godt, og likevel kjenne på tomheit. Vi kan bere på ei djup lengsel som vi ikkje heilt veit kva er. Vi kan kjenne på at den Gud eg trudde på som liten ikkje svarar på dei utfordringane eg møter i vaksenlivet. Vi kan oppleve at den trua vi hadde har vorte uviktig, eller heilt borte, undervegs på livsvegen. Bibelen opnar opp for denne undringa, dei vanskelege spørsmåla, tvilen og lengselen vår etter eit djupare og sannare liv. I møte med tekstar frå Bibelen og i samtale med kvarandre kan vi saman hjelpe kvarandre på vegen mot ei fornying av trua som vaksne menneske.

Foto: Ingvald Andersen Frøyen
  • Å lære meg å sjå Skaparen i det skapte og i kvardagsmøta. 
  • Å koma nærare meg sjølv.
  • Å kunne erfare at Gud er nær.
  • Å få kjenne at livet mitt heng saman.

 

Temasamlingar og Bibelundervisning for vaksne.

Hausten 2023 inviterer Førde kyrkjelyd til fire samlingar berekna på deg som er vaksen og som kan kjenne deg att i noko av det vi har sett ord på i den innleiande teksten.

Med utgangspunkt i tekstar frå Bibelen og i samtale vil vi forsøke å nærme oss nokre av desse store spørsmåla.

Barnetrua og vaksentrua har det same opphavet, men spørsmåla og utfordringane er ikkje dei same. Difor trur vi desse spørsmåla er noko vi alle treng å jobbe med for at trua vår framleis skal vere levande og relevant for dei liva vi lever som vaksne.

Fordi sjølve livet lever og skifter utan stans, så er det viktig at vi minner kvarandre på at også Gud er levande og til stades i liva våra og i verda. Difor er det ikkje farleg å spørje: Kven er Gud for meg no?

Gud finst i det heilage, men vi trur og at Gud er i det alminnelege. Korleis kan vi bli flinkare til å sjå Guds nærvær i våre alminnelege liv?

I gudstenestene våre kvar veke er det ikkje mykje rom for dei lange tankane og for samtale og spørsmål. Desse samlingane vil gje rom for nettopp dette.

Samlingane
Tidsramme 1 ½ time.
Innleiing til tema og innføring i sentrale Bibeltekstar.
Samtale i små grupper og oppsummering.
Enkel servering

 Torsdagar frå 19.00 – 20.30

  • 19. oktober
  • 2. november
  • 16. november
  • 30. november

På Førde Kyrkjetun - andre etasje

Tema for samlingane

  1. Eg og Gud
  2. Eg og dei andre
  3. Gleda
  4. Fellesskapet

 Samlingane vert arrangerte av Førde sokneråd og leia av sokneprest Ingvald Andersen Frøyen.  Samtaledeltakar:

tema 3 - sokneprest Silje Sørebø 

tema 4 - prost Knut Magne Nesse

Samlingane er opne for deltaking for alle som ynskjer å vere med uavhengig av kor ein bur.

Vi vil oppmuntre bibelgrupper og småfellesskap i kyrkjelyden til å forsøke å kome saman på desse samlingane, slik at ein kan samtale vidare i smågruppene i etterkant.

 Arrangør: Førde sokneråd 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"