Velkomen til Stine Margrethe Lerheim si prestevigsling
Det er ei stor glede for Sula kyrkjelyd å kunngjere, at no skal Stine bli vigsla til prest!
Søndag 19. oktober kl. 11.00 er det stor fest i Langevåg kyrkje. Då blir det vigslingsgudsteneste for Stine Margrethe Lerheim. Biskopen kjem, og alle er velkomne til utvida kyrkjekaffi i Indre Sula kyrkje rett etter gudstenesta.
Dei siste åra har Stine tatt ein mastergrad ved MF, ved sidan av å jobbe som prestevikar, først i Spjelkavik, så her på Sula. Vi blei veldig glade, når ho ville kome heim, og til oss på Sula. Tidlegare har ho jobba eit år som prestevikar i Ulstein, før ho tok til på studiet. No er ho ferdig utdanna, og skal bli vigsla til prest i Den norske kyrkja, og bli kapellan i Sula sokn. Ho fortsett med dei same oppgåvene, og skal møte folk til gudstenester, gravferder, andakter og anna som ligg til prestestillinga.
For dei som ikkje kjenner Stine, røper etternamnet hennar antakeleg, at ho har sterk tilknytning til Sula. Ho seier at: «Eg gler meg til å fortsette å vere prest på Sula, både mellom dei eg kjenner, og dei som er nye for meg. Før eg begynte som prest på Sula, var eg litt spent på korleis det skulle bli å arbeide her i heimbygda, om det kunne bli for tett og for nært, men det har vore berre fint. Eg er takknemleg for at folk møter meg med tillit, og ønskjer å gje det same tilbake. For meg er det viktig å kunne vere ein medvandrar, både i glede og sorg, og vise at i kyrkja er det rom for alle - og rom for heile livet.»
Sidan ho begynte, har Stine vore eit verdifullt tilskot til kyrkjestaben på Sula, og alle vi ønsker henne hjarteleg velkommen som vigsla prest.
Anders Barstad
Sokneprest