Velkomen til sorggruppe

Sorg tek ofte lang tid - og forandrar seg ettersom tida går. Den tek både meir tid og krefter enn det ein sjølv og dei som står ein nær trur. Derfor kan det være godt å delta i ei gruppe der alle veit kor tungt det er å miste, og der ein kan snakke om felles erfaringar. I ei sorggruppe er det lov å dvele ved sorga, ikkje for å bli verande i den - men for å kome gjennom den, og slik gå videre i livet.

Publisert:

Velkomen til sorggruppe

I kyrkjene i Ålesund og omegn har det gjennom mange år blitt gitt tilbod til etterlatte om å delta i sorggrupper. Vi har fått mange tilbakemeldinger i ettertid om at gruppene var viktige.

Tema som blir tatt opp:

  • Det som skjedde
  • Sorga sine mange uttrykk
  • Å være fysisk og mentalt sliten
  • Kontakt med slekt og vener
  • Høgtider og merkedagar

Er du usikker på om ei sorggruppe er det du ønsker, kan du starte og sjå om den gir den hjelpa du treng.

Ny sorggruppe startar mandag 13.oktober kl.12.00 i salongen i Spjelkavik kyrkje, ta trapp/heis ved hovedinngangen eller inngang på nedsida av bygget. Samlingane varer frå kl. 12 – 13.30. Vi serverer ein enkel kopp kaffi/te med litt å bite i. Datoar vidare er: mandag 27.okt, 10.nov, 1.des og 12. jan.

Gruppeleiarar denne hausten er diakonane Gunvor Aarseth Dirdal, Stine Borgan Botn, Åsrun Eli Håvik og Ingvild Snipsøyr. Sorggruppene er opne for alle, uavhengig av geografisk eller religiøs tilhørighet.

Påmelding innan 7. oktober. Om du har spørsmål, eller du vil melde deg på, kan du kontakte servicekontoret, tel. 70 16 53 00, epost: postmottak@kyrkja.alesund.no. eller til diakon i Sula Ingvild Snipsøyr tlf. 95 71 22 97

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"