LysVaken er eit tiltak i trusopplæringa i Sula kyrkjelyd. 6.klassingane får oppleve kyrkjerommet på kveldstid lørdag, og avsluttar med å lage gudsteneste for full kyrkje søndag morgon.
Alle som går i 6.klasse i 2025 og som er medlemmar i Den norske kyrkje får invitasjon i posten heim til si folkeregistrerte adresse. Dersom invitasjonen har komt bort eller ikkje komt fram er de likevel hjarteleg velkomen til å melde dykk på (de finn også invitasjonen under her).
Påmeldingsskjemaet finn de her. (vi har begrensa med plass til dette tiltaket, så viss det er fullt vil det ikkje lengre vere mogleg å melde seg på - send då evt. ein e-post til Lars Håvard for å stå på venteliste)
