Under God Kveld får vi inn forsongarar, og band til å spele.
Det blir også satt eit aktuelt tema for kvar av kveldane.
Her ser ein nokre tema som tidlegare har vore nytta:
- "Når livet ikkje blei heilt slik vi hadde tenkt..."
- "Er det nokon vits i å be?"
- "Er Gud mann eller kvinne?"
- "Er Gud gamaldags?"
God kveld er en annleis gudsteneste med ein enklare liturgi og tid til ettertanke. Du kan kome som du er, og berre ta imot. Følg med på facebook, instagram, annonse i Sulaposten og her på nettsida for meir informasjon.
