Ord for dagen 02.04.2021 sokneprest Eli Vatn

Langfredag

Bilete frå scena der Pontius Pilatus toer sine hender. 2. påskedag skulle konfirmantane i Øystre Slidre fortalt heile påskeforteljinga gjennom små tablå. Slik kunne det ikkje bli dette året. Foto Eli Vatn

Kven kan eg gi skylda spurte eg meg her om dagen, då eg var sint og frustrert over høge smittetal og igjen strengare smittevernreglar. Eg kjende på sinnet som ikkje fekk nokon retning, som taut ut på feil plass. Det var ingen eg kunne stille til ansvar.
Langfredag, den uendelege lange forteljinga om Jesu rettargang; med ei mengde meir eller mindre treffande skuldingar, toing av hender, tilfeldige hendingar som fører til at Jesus vart dømt og hengd på korset. Ikkje tilfeldig i følgje bibelens forfattarar; Det låg i korta. Det ligg i korta slik verda fungerer rett og slett; skulda får ikkje alltid den rettferdige adressat; sinnet fer rundt utan klar retning og treffer både urettferdig og destruktivt.
Kan eg berre gje Jesus skulda spurde eg meg om denne dagen. Det synes ikkje rettferdig; men dei verkeleg store menneska tek gjerne ansvar for meir enn dei kan skuldast for.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"