Konfirmasjon
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
![Foto: Saskia Aleida Van Veen](/globalassets/fellesrad/oystre-slidre/andre-bilder-a-a/konfirmasjon---barnesko.jpg?width=323&height=174&quality=80&contId=2826074)
![Foto: Benjamin Loeb](/globalassets/fellesrad/oystre-slidre/andre-bilder-a-a/konfirmasjon---pa-kyrkjetrappa.jpg?width=323&height=174&quality=80&contId=2826075)
![Foto: Oddveig Holdal Weeg](/globalassets/fellesrad/oystre-slidre/andre-bilder-a-a/konfirmasjon---velsignelse---o-weeg.jpg?width=667&height=396&quality=80&contId=2826073)
Konfirmantåret er ein del av trusopplæringa og skal styrke og stadfeste trua, stimulere til refleksjon og utvikling på terskelen til vaksenlivet, og utruste ungdommane med reiskapar for å tene Gud og gjera godt mot andre menneske.
Konfirmasjon i Rogne og Volbu kyrkje fyste sundag i juni, og i Hegge og Lidar kyrkje andre sundag i juni. Alle som går på 8. trinn får invitasjon til konfirmasjon, med innskriving rett etter sumarferien. Konfirmant året startar med Pilegrimsvandring frå Volbu til Hegge kyrkje. I gjennom året er det samling med tema kyrkjelege handlingar, deltaking i gudsteneste, fasteaksjon, Hekta konfirmasjonsleir på Lillehammer m.m.