Ord for dagen 19.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Lydig eller lydhør.

Altertavla i Lidar. Foto: Saska Aleida Van Veen

Han ga seg ikkje før det var fullført Jesus. Lydig inn til døden? I det heile lydig? Det er ikkje slik Jesus framstår i bibelen, i alle fall ikkje slik eg forstår ordet lydig! Han gjer ingen ting fordi nokon kommanderer han til det! Han korkje kryp eller sleiker nokon oppetter ryggen. Han står der rakrygga og gjer det han kjenner er rett! Men han er lydhør overfor Guds vilje med hans liv.

Rett nok kjempar han med seg sjølv der i Getsemane hagen når han ber om at «dette begeret» må gå forbi han! Det syner at han var glad i livet, i sine! Men det er ein rakrygga kar som frivillig legg sin vilje inn under Guds! Som seier; «din vilje skje!»

Lydig er eit lite egna ord om vi skal seie noko om korleis vi skal og best kan forhalde oss til Gud. Han ber ikkje om, eller ynskjer underdanige og krypande; han ynskjer frie lydhøre som med sin eigen viljes fulle kraft lyttar og responderer på hans gode vilje.

Ord for dagen ved sokneprest Eli Vatn

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"