Ord for dagen - 05.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

5. mai. Fager er Volbufjorden der han speglar åsar, himmel og åkerland. Lysa er tende for oss alle, og i dag spesielt i takksemd for kvar ærleg arbeidshand.

Volbufjorden Foto: Eli Vatn

Eg tenker attende på i går kveld da eit god knippe staute songarar var samla i Rogne kyrkje for å gjere opptak til 17. mai gudstenesta som denne gong skal sendast ut til folket over nettet.
Kjensla av høgtid, av trufaste folk som opp gjennom historia har hegna om verdiane landet vårt er bygde på sig på i takt med tonane frå Fagert er landet og Gud signe vårt dyre fedreland. Are som dirigerer peikar litt beklagande på at komponistane er tyske og danske. Ja slik er det og; vi har ikkje bygd dette landet på å vera oss sjølv nok. Fortsatt brenn lysa i takksemd.

2020.05.05 ord for dagen2.jpg

Opptak til 17. mai gudsteneste i Rogne kyrkje. Foto: Eli Vatn

Fagert er landet du oss gav.

1 Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

2 Likjest vårt folk i mager jord
skjelvande blomen på bøen,
står utan livd i vind frå nord
tett innmed kanten av snøen.
Herre, du ser med miskunn ned,
folket vårt gjev du livd og fred,
er oss så kjærleg ein Fader.

3 Her ned i grunnen sveitten rann
trufast åt fedrane våre.
Her dei sin heim og hugnad fann,
dogga med smil og med tåre.
Her har det flødt ei såkornflod
varm av vårt beste hjarteblod,
her har me grorbotn å veksa.

4 Tidi ho renn som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,
lær oss å gå dine vegar!

5 Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt
veiknar og visnar, bleiknar bort,
ver du oss ljoset og livet!

Tekst Anders Hovden Melodi Melchior Vulpius
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"