Ord for dagen - 30.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 30 april. Lysa vert tende her i dag og, men kvar blei det av varmen?

Foto: Eli Vatn

Det er siste dag i april! «Jeg velger meg april» sa Bjørnstjerne Bjørnson «fordi jeg noget vil!»

Kva vil eg denne morgonen? Jo det skal de få vite! Eg vil minne om at sola kjem att; eg vil minnast siste veke då kyrkjestaben kunne samle oss til møte att i solveggen ved Rogne kyrkje. At vi trass i avstanden kunne kjenne at vi var fleire!

Eg vil sjå dei små teikna på varme og kjærleik som finst rundt oss. Ja berre sjå kva eg fann ved kyrkja i Rogne! Hjarte og varme både her og der! Eg vil være som ein Espen Askeladd som tek imot alt det spanande, gode og morosame som finst!

2020 04 30 II.png

Eg fann eg fann, eg ser, eg ser…. Salma som rann meg i hu kom ikkje med i siste utgåve av salmeboka; men her kjem ho!

2020 04 30 I.jpg

Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer

Norsk salmebok 2013 No.287

Tekst: Johannes Andreas Barstad.

Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer
i fagre fargar mellom stein og strå,
som alle opp mot sol og himmel stirer
med bjarte smil som barneaugo små.

Eg ser deg, Gud, i kvar den bekk som skumar
i kvite fossar mellom knaus og koll
og kler i brudeskaut den unge sumar
og syng sitt liv utover vang og voll.

Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner
eit bilet av din stordom og din glans,
når soli honom med sin gullkrans kryner,
og snøen bind av sylv sin glitrekrans.

Eg ser deg, Gud, i kvar den sky som rodar
så reint og høgt i friske morgonstund,
og i det gull som eg i kvelden skodar,
når dagen trøytnar mot sin kvilemund.

Eg ser deg, Gud i alt det liv som yrer
kring jordi all og høgt i stjernesveim.
Eg ser kor vel du skipar alt og styrer
som kjærleg fader i ein barneheim.

Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver
ei gledetåre, for du har oss kjær
og over oss så fager himmel kvelver
og gav til heim oss slik ei fager verd.

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"