Ord for dagen - 29.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 29. april. Tid for å løfte blikket att!

Volbu kyrkje Foto: Eli Vatn

Det står berre ein evangelist att: Johannes, symbolisert ved ei ørn. Majestetisk. Johannes er skildra slik fordi hans forteljing om Jesus løfter blikket og trekkjer dei lange linjer; Heilt frå opphavet, frå skapinga der Jesus var med - hos Gud. Før alle ting. Før alle maur som kravlar, før alle fiskar i havet, før alt vi balar med her i livet.
Vi ser sjeldan Ørna nærme, gjerne svevande høgt over oss. Ho har eit utruleg godt syn; kan sjå ei mus kravle når ho svever langt der oppe. Kva ser ho, i det små hos oss, langt der framme?
Samstundes som Johannes løfter blikket, ser opp og kan hende fram er han så oppteken av at vi høyrer saman; Gud og menneske, høyrer saman i kjærleik. Vi er eitt; Livet og ljoset frå Gud er midt i og mellom oss. Det er dette som gjer at vi kan løfte blikket og sjå langt fram, fram mot det gode vi håper på.
I dag får Anders Frostenson ordet til slutt!

445 Trua ser dei kvite marker

Tekst: Anders Frostenson 1964

Oversatt: Johannes Smedmo 1965

Melodi: Egil Hovland 1967

1 Trua ser dei kvite marker
der den grøne brodden står.
Trua retter hand mot frukta
når til bløming treet går.

2 Medan gryet enno dryger
som i tvil på høge kam,
skodar trua sjølve dagen,
hastar til si gjerning fram.

3 Lenge før enn regnet strøymde,
høyrdest Noas hammarslag.
Gjennom øydemark og trældom
Abraham såg Kristi dag.

4 Innan vatnet enno kløyvdest,
lyfte Moses stav - og såg
at ein veg i mørke djupet
framfor folkets føter låg.

5 Trua ser mot lovnadslandet,
arven høyrer henne til,
svarar så på høge kallet:
"Ja, her kjem eg! Ja, eg vil!"

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"