Ord for dagen - 28.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 28. april. Lysa er tende og presten står for altaret.

Lukas med oksen frå alteret i Rogne kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

I Volbu er det soknepresten som har teneste, i Lukas si forteljing om Jesus er det Sakarja som hadde trukket loddet for å gå inn og brenne røykjelse på altaret. Oksen var på den tid eit offerdyr, og difor er Lukas symbolisert med oksen.

Sakarja får vantru svar på sine bøner den gongen, kona hans Elisabeth skal bli med born, trass i sin høge alder. Johannes døyparen er lova. Sakarja er i godt lag med fleire vantru, ikkje ulik Abrahams Sara som lo då ho vart lovd å få born. Sakarja vart stum til Johannes vart fødd og han endeleg fekk talens bruk etter å ha proklamert namnet til Johannes.

Det er få likeheiter mellom dagens sokneprest og Sakarja: men det må vedkjennast at vantrua har vi felles, å kjenne på å verta stum også. Kva skal du seie når du ikkje veit kva du skal tru? Når undringa og tvilen leiter etter ord og haldepunkt i det store du ikkje skjønar.

Ofrar vi noko? Ja vi gjer kan hende det; Vi ofrar bombesikkerheit og omdømme - i tru, undring og gryande takksemd når vi held fast i håpet om det underfulle.
Er det klovnar vi er?

2020 04 28.jpgFoto: Eli Vatn

Bjørn Eidsvåg skal få setje ord på det i dag;

Klovnar

Her e gråt og her e klage
Her e bitterhet og nød
Her e sjukdom, her e plage
Her e auer fylt av død
Her e folk med depresjonar
Her e folk så djupt fortvila
Dei e uten illusjonar,
Og kan'kje lenger smila
Og me flyr rundt og grine med
Og prøve' å få opp motet
Me snakke om håp og fred
Og trur på orden i alt rotet
Me seie: Gud e glad i oss
Forstår ikkje at me tør det
Me seie: Midt i sorgen møte han oss
Forstår de'kje sjøl, men me gjør det
Eg lure på om det e klovnar me e
Te allmenn lått og løye
Men får me sjå et lysglimt av og te
Så får de'kje vær så nøye
Meiningsløyså e bunnlaus
Alt e så absurd
Håpet synes grunnlaust
Gleda blir sjeldan spurd
For smil og varme tankar
Blir tatt av ein kjølig bris
Og et angstfylt hjerta så bankar
Fryse så lett te is
Men me gir oss ikkje uansett
Me prøve å få opp motet
Sjøl om angsten gjør oss kald og svett
Trur me på orden i rotet
Me seie: Gud e glad i oss
Forstår ikkje at me tør det
Me seie: Midt i angsten møte han oss
Forstår de'kje sjøl, men me gjør det
(Refreng)
Eg lure på ...
Og får me sjå eit ishjerta så smelte
Eller hørra ein statue le
Eller får me sjå eit forsvarsverk så velte
Og eit levande menneske bak det
Eller får me kjenna varmen strømma på
I eit rom der det før va kaldt så is
Eller sjå ein nerslått reisa seg og stå
Så rak og stolt på kongevis
Ja, då e det det samma om det e klovnar me e
Te almenn lått og løye
Når me får sjå mirakler som det
Då får det'kje vær så nøye

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"