Ord for dagen - 24.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 24. april. På dei doble dørene inn til lysa er det blide av evangelistane.

Foto: Eli Vatn

4 skikkelsar med vengjer. Ord med vengjer. ord som har skildra, forstått dei menneskelege vilkår, formidla undring, håp, glede, gode råd, likningar om himmelriket. Ord som har latt menneske lette litt opp gjennom tidene. Sveve ei lita stund, ja kanskje lenge. Sveve fordi du kjenner at du høyrer ikkje berre til her i verden, men i en samanheng som er større; som er betre. Måtte dei berre ha eit snev av det orda vi brukar og, så menneske rundt oss får sveve – om berre litt.

Ein av mine favorittsalmar er Å for djup i Jesu kjærleik. Som ei duvande bylgjer bær melodien deg. Manne min som elskar å symje samanliknar det med å sveve.

703 Å, for djup i Jesu kjærleik

Tekst: Samuel T. Francis 1875

Oversett: Tormod Vågen 1935

Melodi: Thomas J. Williams 1896

1 Å, for djup i Jesu kjærleik!
Utan grenser, botnlaus, fri!
Som ei mektig havsens bylgje
har han løynt mi syndetid.
Over, under, rundt omkring meg
er hans sterke kjærleiks straum,
driv meg fram imot mitt heimland,
dyre, fagre framtidsdraum

2 Å, for djup i Jesu kjærleik!
Sprei hans pris frå hav til hav:
Kor han elskar alle, alle,
frelser oss frå synd og grav,
kor han vaktar sine kjære
som han kjøpte med sitt blod,
kor han bed for veike vener,
sender kraft og trøyst og mod!

3 Å, for djup i Jesu kjærleik!
Ingen stad eg kviler så.
Som eit mektig hav av signing,
som ei hamn av fred og ro!
Å, for djup i Jesu kjærleik!
Der min himmels himmel er.
Mine lengsler stig mot trona,
mine augo Lammet ser.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"