Ord for dagen - 23.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 23. april. Lysa skal tennast på altaret, men enno er eg berre komen til Våpenhuset

Ord for dagen - 23.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Rommet som har namn etter at ein la ned våpna der for å gå fredelege inn i kyrkja. Der skulle det vera trygt.
I Volbu kunne det heitt, rommet med dei mange dørene. Kva er gøymt der bak dei? Eg kjenner dei doble rett fram inn til sjølve kyrkjerommet, til høgre er dåps sakristiet, til venstre er det to; eit opp til galleriet. Kva gøymer seg bak den siste? På døra står; «Som hjorten stundar etter bekkar stundar mi sjel etter deg min Gud.» Under der to symbol på den sigrande Jesus.
Ein morgon møtte eg kyrkjetenar Svein der, og eg fekk ein gløtt inn. Der inne er støvsugar og anna arbeidsutstyr. Bøttekottet? Kva kunne han meine Sigmund Årseth med å dekorere døra slik? Såg han inn i ei framtid der profesjonen reinhaldarar endeleg skulle få sin rettmessige plass som ein av dei viktigaste funksjonane i samfunnet? Essensielle i kampen mot kronaen? Endeleg 2000 år etter at Jesus viste vegen ved å vaske sine veners føter!
Finn ukjende salmar og desse morgonane, og i dag deler eg Per Lønning si salme Guds hus er eit under; der vi tener med takkesong, og reinhald!

2020 04 23.jpg

542 Guds hus er eit under: ein bustad på jord

Tekst og melodi: Per Lønning 1999

1 Guds hus er eit under: ein bustad på jord
for alle dei folk og nasjonar.
Frå aust og frå vest, ja, frå sør og frå nord
dei tener med takkesongs tonar.

2 Guds hus er eit under: ein fristad på jord
for alle dei hundreårs ætter,
med Abraham, Isak og Jakob kring bord
og dei som skal koma heretter.

3 Guds hus er eit under: ein heimstad på jord
for alle dei tindrande tunger
som jublar og svarar på Meisterens ord,
med lovsong frå hjarta og lunger.

4 Guds hus er eit under: ein himmel på jord,
der Herren vil bu mellom sine,
der alle Guds englar held herlegdomskor,
og høgd over høgder får skine.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"