Ord for dagen - 22.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 22. april. Det stod for fall, eit av dei svære bjørkene i prestegarden.

Foto: Eli Vatn

Det tok meir lys enn det gav ly. Og det vart meir himmel og sikt opp mot kyrkja. Vel nede kunne vi sjå at det var som vi hadde frykta; rote inni. Det er alltid ei blanda kjensle knytt til gemalens motorsag dur. Noko kjært, noko ein er vand til vert borte. Det er ofte noko majestetisk med slike stor tre. Det er minner, ikkje berre våre, men historie i fleire generasjonar. Og det er naudsynt – å ta det før det fell i hovudet på oss.

Slik er det med så mangt; av og til står det for fall, det har blitt for stort, er rote innvendig, skygger for sola og utsynet. Det kan handle om måten vi lever på, usunne vanar som tek overhand. Det kan handle om øydeleggjande relasjonar, eit arbeidsforhold, idear og verdiar. Det er smertefullt og forfriskande å la det falle.

Langs muren opp til kyrkja tenkte dei slik for nokre år sidan har eg høyrt, og krattskogen vart teken ned. Livet let seg definitivt ikkje stoppe ved det. Det sprutar fram i voldsom kraft.

«Sjå han gjer alle ting nye…»

I dag er ljosa tend for det nye som bryt fram.
Og Paulus skal får siste ordet i dag:
Og Jesaja seier:
Isais rotskot skal koma,
han som reiser seg og rår over folka,
til han skal folkeslaga setja si von.
Rom. 15,12

2020 04 22 II.jpg

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"