Ord for dagen - 20.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 20 april. Nok ein stille morgon med løfte om vakkert vårvær.

Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

Påsketida varer i mange veker! Eg trur det må til for å øve seg i å legge merke til og å ta inn over seg at livet vinn over døden. Nokre påskeliljer er sett ut ved gravstøttene på kyrkjegarden; menneske har mintes sine kjære og hjelper naturens eigen oppvakning. Vi kan elles berre så vidt ane at det bryt igjennom. Tida står stille, og denne morgonen kor det vakre og varme verkar vare evig kunne Elias Bliks stått her ved kyrkja, sett utover kyrkjegarden og dikta Ljos over grav.

 

198 Ljos over grav som oss livsvoni gav

Tekst: Elias Blix 1890

Melodi: Ludvig M. Lindemann 1871

1 Ljos over grav som oss livsvoni gav,
rann med Guds Son ifrå daude.
Solrenning klår som den venaste vår
steig over gravstader aude.
Ljoset og livet for alle mann
strålande opp med vår Frelsar rann.

2 Engelen kvad over daudstille stad:
Krist er med siger oppstaden!
Sigrande vel over ormen frå hel
bøtte han brotet og skaden.
Syndi er sona og såret grødt,
livet av daude er atter født.

3 Kristus stod opp som det livstre i knopp
som i all æve skal bløma.
Skapande liv han alt drepande driv,
dauden for honom må røma.
Så ved det livstre til Herrens pris
ein gong me livnar i paradis.

4 Menneskeson, du til levande von
ved di oppreising oss fødde!
Liv gjennom grav ved din daude du gav,
då for oss alle du blødde.
Alle som levande på deg tru,
døyande skal i ditt ljos få bu.

5 Trøyst i vår trong som ein sumar med song
ut frå din gravstad lat lysa!
Ævelivs von gjennom trengsle og tjon*
lat dine truande hysa!
Så me alt her uti daudens land
smakar den sæla du til oss vann.
[*skade, øydelegging]

6 Ljos over grav, fall som solskin på hav,
når me frå verdi skal fara!
Lys oss i land til den livsæle strand,
fram til det liv som skal vara,
så me ved ljoset frå påskedag
sæle kan leva i englelag!

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"