Ord for dagen - 19.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 19. april. Ved lysa på alteret ligg bibelen slått opp på forteljinga frå Johannesevangeliet som møter «messelyarane» rundt i landet vårt i dag.

Døypefont Volbu kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen.

Det er ei kjær forteljing, eg kjenner ho att frå eg var unge:

Dei sorgtyngde læresveinane dreg ut for å fiske, kjem tomhendte tilbake og Jesus møter til dei der på stranda Dei kjende han ikkje att. Men så fortel Johannes: «Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.»»

«Det er bare med hjertet at man kan se riktig, det vesentlige er usynlig for øyet» seier reven til den vesle prinsen i boka Den lille prinsen. Prinsen har trengt å lære dette fordi han vart så skuffa då han oppdaga at hans kjære rose ikkje var den einaste; verda var full av roser. Prinsen lærte å kunsten å gjere reven tam; ved ritualet; å kome til same tid kvar dag, ved å nærme seg tålmodig og forsiktig, ved å gje tid til å kjenne forventning og glede ved å møtast gjorde prinsen reven tam. Ved det lærte prinsen korleis hjartet ser riktig; det er all den tida han har sløst bort på å stelle si eiga rose som gjort ho kjær – kjent og kjær.
Eg tenkjer på ungane i desse dagane, at vi ikkje må gløyme å fortelje forteljingane, dei som gjev håp, dei som gjer trygge; forteljinga om venen Jesus som kom att frå dødsriket, om det gode han gjorde, om Gud som finst i verda, om Godleiken. Om og om igjen må vi fortelje; slik at dei kan kjenne att det gode og med hjartet sjå lys når det synes mørkt.

For den som vil lese forteljinga står ho i Joh 21,1-14 http://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster, og ein lett og barnevenleg salme følgjer.

Trykk på lenkja, lytt til musikkinnslaget til Prost Carl Philip Weisser "De trodde at Jesus var borte" Gitar prosten vart inspirert!

203 De trodde at Jesus var borte

Tekst: Anders Frostenson 1957, Oversatt Olaf Hillestad 1972

Melodi: Gunnar Thyrestam 1957

1 De trodde at Jesus var borte.
De trodde at Jesus var død.
Da kom han på stranden en morgen
som lyste rød.

2 Han stod midt iblant dem som alltid.
Et bål lyste opp med sin glød.
Han lot dem få fisker i garnet
og gav dem brød.

3 Tro ikke at Jesus er borte!
Tro ikke at Jesus er død!
Han lever og gir oss å spise
av livets brød.

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"