Ord for dagen - 18.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 18. april. Lysa er tende inst inne i Volbu kyrkje.

Inne i Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

Søylegangen i kyrkja minner meg om bilete av atrium som eg har sett. Eit atrium var i antikken eit rom inne i huset ope opp mot himmelen. Der slapp lyset til, og regnet vart samla i eit basseng. Slik kunne du sjå himmelen spegle seg om du såg ned i bassenget. Dei kunne og ha slike forrom til kyrkjene. Tilfeldig at forkammeret til hjartet og kallas atrium? Der blodet sluses inn for å gå vidare til dei andre kammera og vidare pumpes rundt i kroppen?
Eg drista meg i går til å setje på trykk at vi ikkje skal sjå bort får at Gud legg sin gode vilje til våre bøner. Såpass bør ein vente seg av ein prest. I dag vil eg poengtere den andre sida av bøna; moglegheita for at vi kjem til å leggje VÅR gode vilje til Guds vilje når vi ber! Litt av ein risiko! Og dei som bygde Volbu kyrkje kan ha tenkt i same baner; at det som blir tent inst inne i hjartet kan ha stor kraft ut i verda rundt!
Innerst inne i kyrkja ligg salmeboka, eg blar opp på ei salme «salmekveld-gjengen» i Rogne har gjort meg merksam på, den tenner lys å ta med ut i kvardagen.

2020 04 18 II.jpg

724 Stjernene lyser fremdeles i mørket

Tekst: Svein Ellingsen 1992

Melodi:  Svein Møller 1992

1 Stjernene lyser fremdeles i mørket,
solen gjør natten til morgen og dag,
stjerner og sol senker lysende drømmer
over vår sårede, blødende jord.

2 Ennå er håpet en levende flamme,
lyset er tent i den mørkeste natt,
ennå kan sårene leges og heles,
vi kan forsones med jorden, vår mor.

3 Drømmen og håpet skal bo i vårt hjerte!
Se, nå er skapelsens åttende dag!
Vi skal erkjenne i gledesfylt undring:
Alt som er skapt, er vår søster og bror.

4 Vi skal få tro på en fremtid på jorden;
avmakt må vike og dag følge natt,
se, våre søsken i skapningens mangfold
venter på handling fra hjerter som tror.

5 Skapningens sukk skal forvandles til lovsang,
sangen skal fylle vår jordiske dag;
alt vil vi bære i bønn til vår skaper,
vi som er barn av hans rike på jord.

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"