Ord for dagen - 17.04.2020

Volbu kyrkje 17. april. Lysa er tende for oss alle!

Tømmerstokkane i Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

Kvar morgon ber eg stille ei bøn for verda, bygda vår og enkelte menneske eg spesielt er mint på å be for. Det er det viktigaste prestearbeid eg gjer i denne tida. Oddveig som legg det ut på heimesida vår, gjorde meg her om dagen merksam på at vi har halde på i ein månad. I dag er det faktisk 5 veker.

Bøn - like usynleg som dette viruset som har skapt unntakstilstanden. Kvifor skulle vi tru at den har mindre ringverknader? Fordi bøn ikkje kan sjåast i mikroskop? Om vi estimerte kor mange som rundt omkring i heimane ber for dei som dei bryr seg om, trur eg ikkje vi får dårlegare tal enn dei krona tala vi ser kvar dag på Dagsrevyen. Kva er symptoma?; menneske som viser tillit til Gud, til godheita i verda, viser sin gode vilje, sitt håp, sin kjærleik. Og verknadene; tillit, fred og mot til på nytt og på nytt å gå ut og handle i det godes teneste. Vi SKAL heller ikkje sjå bort frå at Gud legg sin gode vilje til!

Det måtte bli ei kveldssalme; eg trur vi nordmenn ber meir kvelds - enn morgonbøner. Og sidan eg er mest å leiene om å be i Volbu kyrkje kvar morgon; legg eg ved eit bilde av tømmerstokkane som faldar seg så fromt i kvarandre.

Tekst: John Ellerton 1870, Oversatt av: Johannes Smemo 1964

Melodi: C.C Scholefield 1874

1 Den dag du gav oss, er til ende,
og mørket faller på ditt bud.
Du lot oss dagens krefter kjenne,
gi nå oss nattens fred, o Gud!

2 Takk at din kirke aldri sover!
Mens jorden ruller uten stans,
ditt folk i vekselsang deg lover
for nattens ro og dagens glans.

3 Se, over land og hav og øyer
en dag går fram i ubrutt ring,
og folkene på rad seg bøyer
i takk for alltid nye ting.

4 Den sol som vinker oss til hvile,
nå vigsler andres arbeidsdag,
og slik den stund for stund skal smile
til nye land og folkeslag.

5 Vær lovet, Gud! Ditt herrevelde
skal dekke hver en plett på jord,
og vidt og fritt det skal få gjelde
at du, og bare du, er stor!

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"