Ord for dagen - 10.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Langfredags morgon. Det er enno så stille så stille. Den varsla vinden let vente på seg. Morgonbøna likeså; til klokkene i Volbu ringer klokka 11.

Alterparti Volbu kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Det er god tid til «Under krossen stå», til å kjenne, grunne på kva meininga er med det som hende langfredag. Er det meining i liding og død? Utallige kunstnarar og salmediktarar har stått slik, prøvd å gjengi, sjå meining i hendinga. Utallige gamle, unge, kvinner og menn har sett på krossen og prøvd å la det gje livet deira meining. Utallige medlidande har sett på krossen i håp om å sjå meining i deira kjæres liding. Den antatte målar av altertavla i Volbu Ola Hermundsson Berge har så konkret skildra korleis blodet vert samla opp til vin, til tilgjeving og fellesskap for oss. Salmediktar Jacopone da Todi, og Bernt Støylen som oversatte har teke Maria sitt perspektiv; mora som ser sonen lide. Desse byr eg på denne morgonstunda før klokkene ringer i Volbu.

167 Under krossen stod med tåra

Tekst: Jacopone da Todi, før 1306

Melodi: Giovanni Nanimi, omkring 1600

1 Under krossen stod med tåra
Jesu mor, i hjarta såra,
medan Sonen pinsla bar.

2 Å, for angest ho laut lida,
grufull sjelekval og kvida,
sverdet gjennom hjarta skar!*
[*Luk 2, 35]

3 Sonen ser ho sundflengd, såra,
hender, føter gjennombora,
panna tornekrona ber.

4 Blodet dryp frå alle vunder,
han i lidings natt gjeng under,
dødens mørker kring han slær.

5 Kan så hardt eit hjarta finnast
at det ei med gru må minnast
Jesu harde strid for oss,

6 alle slag og sår og strimer
og dei mørke redsels timar
då han pintest på sin kross!

7 Han som laut for alle lida,
tok på seg vår synd og kvida
lydig inntil kross og grav.

8 Han seg gløymd av Gud laut kjenna,
han sitt blod for oss lét renna
inntil åndi ut han gav.

9 Å min Jesus, kjærleiks kjelda,
lat for meg di liding gjelda,
slett mi skuld og sløkk min harm!

10 Kom med miskunn til meg arme,
kveik i meg din kjærleiks varme,
brenn all syndi or min barm.

11 Sårt du leid for synder mine,
lydig bar du kross og pine,
gjev då meg ditt hjartelag!

12 Hjelp meg dag for dag å læra
krossen etter deg å bera
lydig til min siste dag!

13 Lær meg for mi synd å gråta
når eg skodar krossens gåta:
Kvi du måtte døy for meg?

14 Nær din kross lat meg få standa,
inn din guddoms kjærleik anda,
trøyst mot døden få hjå deg!

15 Ved din kross lat livd meg finna,
ved din død meg siger vinna,
ved din nåde evig liv!

16 Og når lekamslivet ender,
gøym mi sjel i dine hender,
rom i Paradis meg gjev!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"