Ord for dagen - 05.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Rogne kyrkje palmesundag 2020. Dette er dagen vi minnes Jesu inntog i Jerusalem.

Rogne kyrkjetårn og prosesjonskors. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Det er ikkje nokre palmar, eller bilete som minner om Jesu inntog i kyrkjene våre. Men det er prosesjonskors; ved gudstenester blir dei borne inn i prosesjon; som eit symbol på Jesu inntog i kyrkja!

Slik også i Rogne kyrkje denne palmesundagen. Når kyrkjemusikar Magne Olav spelar sitt preludium bær klokkar Ellen Oddveig korset inn før vi held vår vesle morgonsong. Ho les sundagens tekst frå Joh. 12, 12-24, vi syng salme 147 Sjå Jerusalem, og ber for alle i bygda vår, dei som i desse tider har det tyngre på grunn av koronaviruset sine konsekvensar i samfunnet, for at Guds gode vilje må skje gjennom og på tross av alt dette.

Det heile starter med at kyrkjetenar Svein Erik ringer i klokkene. Desse dagane når vi ikkje har lov til å samle folk, held vi like fullt gudsteneste. Eg gleder meg til vi igjen kan samlast i kyrkjene, men denne unntakstilstanden gjer meg klar over at dette vi driv med like fullt er djupt meiningsfylt.
Vi treng ikkje vera fullt hus for å be!

Rogne-prosesjonskors_02.jpg


147 Sjå, Jerusalem, sjå, din konge kjem

Tekst: Elias Blix 1875

Melodi: Adam Drese 1698

1 Sjå, Jerusalem,

sjå, din konge kjem
som ein frelsar logn og tolen
ridande på asenfolen.
Gled deg, du Guds stad,
møt din konge glad!

2 Underfull i råd,
sterk i dug og dåd,
evig Gud, sin Faders like,
fredens fyrste i Guds rike -
med det namn han er
helsa i Guds her.

3 Fredsam er hans ferd,
fager er hans gjerd.
Sjå, han kjem og byd deg frelsa.
Gå då ut og honom helsa!
Høgt av fagnad kved!
I din Gud deg gled!

4 Gjer då vegen jamn
og velsign hans namn!
Sions stad, syng ut og sanna:
No kjem Jesus! Hosianna!
Lova han som dreg
i Guds namn til deg.

5 Ja, til deg, til deg
går hans kongeveg.
I ditt hus han heim vil finna,
og ditt hjarta vil han vinna.
Inn din Frelsar bed,
og ditt hus får fred!

6 Signa du som kjem
til Jerusalem!
Fredens fyrste frå Gud Fader,
drag du inn i alle stader!
Gjer kvart hjarterom
til din heilagdom!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"