Ord for dagen - 03.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 3. april. Lysa er tende for tru, von og kjærleik!

Bårehuset i Volbu. Tru, von og kjærleik frå døra i Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

I tre veker har vi no vore bedne om å vera for oss sjølve. Kan hende har vi funne ein rytme, ei ro i det. Men det kan og hende at vi går på veggen, kjenner muren av redslesteinar vekse rundt og mellom oss. Eg legg ved ein av mine favorittar frå tidlegare år, med oppmoding om å gå ut, kjenne på at dette uendelege store rommet er fylt av Guds kjærleik.

2020 04 03 II.jpg

734 Guds kjærleik er som stranda og som graset

Tekst: Anders Frostenson 1968, oversatt av Alfred Hauge 1973

Melodi:  Lars Åke Lundberg 1968

1 Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
Vi fridom fekk å bu der, gå og koma,
å seia ja til Gud og seia nei.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.

2 Vi vil ein fridom der vi er oss sjølve,
ein fridom vi kan gjera noko av,
der ingen tomleik finst, men rom for draumar,
ei jord der tre og blomar kan slå rot.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.

3 Og endå er det murar oss imellom,
og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand.
Vårt fangerom er murt av redsle-steinar,
og fangeklede er vårt stengde eg.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.

4 Å døm oss, Herre, frikjenn oss i domen!
I di forlating fridom finst og von.
Den rekk så vide som din kjærleik vandrar,
til folk av kvar ein rase og nasjon.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"