Ord for dagen - 30.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 30 mars, klokka er snart 08.30. Heilt åleine i kyrkja! Eller?...

Varme auge ser på meg frå bildet av Jesus som by på brød og vin. Vakre vinranker snor seg oppetter stolpane og vitnar om ein målars draum om paradis. Vevnaden og firflettinga på altarbordet gje ørsmå kjærteikn frå ho som ein gong vevde og firfletta. Antibacen ved døra, det reine golvteppet vitnar om omsynsfulle medarbeidarar. Eg har støtt tenkt at glansen av Gud syner seg sterkast i eit menneske som ser oss, men i desse tider med ferre menneske ansikt til ansikt bryt glansen igjennom i alle dei andre teikna…    Eli har lagt ut ein video på facebook, sjå den på denne lenken:

Video Volbu kyrkje 30. mars Din herlegdom frelsar, på orgel kyrkjemusikar Magne Olav Selland

98 Din herlegdom, Frelsar, me undrande ser

Tekst: Anders Hovden 1922

Melodi: Norsk folketone

1 Din herlegdom, Frelsar, me undrande ser,
for glansen av Gud i di åsyn du ber,
Guds Son, du åleine,
den heilage, reine,
av sanning og nåde i ord og i gjerd,
av æveleg kjærleike lyser di ferd!

2 Som havstraumen varm imot isheimen bryt,
din kjærleik, min Frelsar, til livet vårt flyt,
så vinteren rømer,
og hjarto dei blømer
og opnar sitt beger mot sol og mot vår
og tirlar som lerka mot himmelen klår.

3 Å, send oss din Ande i hustrande sinn
og fyll våre hjarto med kjærleiken din!
Oss lei gjennom verdi,
lys for oss på ferdi,
lat alltid vårt auga din herlegdom sjå,
så eingong av nåde me himlen kan nå!

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"