Ord for dagen - 27.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 27. mars. Fuglane syng, dagen ligg der ny og jomfrueleg.

Glasmaleri i Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

Kva for eventyr gøymer han på? I Volbu kyrkje ligg eventyr og mysterier gøymd. Ein einhjørning i Jomfru Maria si favn! Eg kjenner att spenningen frå då mor mi tok fram eventyrboka for å lese for oss! Kva mysterium ligg her! Ein dag vert det kanhende ei preike om kvifor ein har tenkt seg Jesus som eit slikt vakkert fabeldyr, som berre ei ung jomfru kunne fange! I dag skal eventyret få ligge som eit lite vakkert løfte....

128 Gud bur i eit lys

Tekst  Margareta Melin 1969

Melodie Lars Åke Lundberg 1970


1
Gud bur i eit lys, dit ingen kan gå,
Gud kan ingen sjå og ikkje forstå.
Men Gud kjem oss nær,
han vil vere her.
Så blir han eit barn, som Maria ber!

2 Ære vere deg, o Gud, som er stor,
du som kjem oss nær som vår lille bror.
Ja, du kjem oss nær,
du vil vere her.
Så blir du eit barn, som Maria ber!

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"