Ord for dagen - 25.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 25. mars. Lysa er tende for all vår uro, for håp, og i takksemd for alle dei små og store heltegjerningar i det daglege.

Glasmaleri i Volbu kyrkje av Rolf Klemetsrud. Foto: Eli Vatn

Pelikanen som nappar i sitt eige bryst og matar ungane sine med blodet sitt er eit folkeleg symbol for Kristus og hans offer for oss menneske. Stadig følgjer menneske Jesus etter i dette, ikkje minst ser vi det i desse tidene. Stort er det!

424 Eg har ei teneste stor for Gud

Tekst: Matias Orheim 1908

Melodi: Matias Orheim 1920

 

1 Eg har ei teneste stor for Gud

frå dag til dag i det stille,

der kvardagskleda vert høgtidsskrud

og livsens småting så gilde.

Ja, skal eg eingong det store få,

eg må med truskap i alt det små

i Jesu fotefar lydig gå

og vilje det Jesus ville,

og vilje det Jesus ville.

 

2 Når då eg spør meg kvar arbeidsdag:

Kva ville Jesus vel gjere?

Så gjev han livsmod og arbeidslag,

så livet provar mi lære.

Om av og til det vert kvardagsgrått,

så det i striden går tungt og trått,

med bøn og bibel vert allting godt;

¦: for Jesus vil krafta vere. :¦

 

3 I alt Guds vilje er underfull,

han har til Ordet seg bunde,

der perlesteinar og sylv og gull

til livsens byggverk vert funne.

Og når det eingong for alvor gjeld,

og livet prøvast skal gjennom eld,

Guds eige byggverk si prøve held.

¦: Av småting vert storverk vunne. :¦

 

4 Så er mi teneste stor for Gud,

og heimen han er mi kyrkje,

der arbeidstrøya er presteskrud

i alt mitt ærlege yrke.

Så er det heime i stova fred,

til alt mitt arbeid stig englar ned,

dei har Guds rike velsigning med,

¦: som dagen så er min styrke.* :¦

[*5 Mos 33, 25]

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"