Ord for dagen - 24.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 24. mars.

Fint å få gå inn i dette heilage rommet, mykje eldre enn nokon av oss kan hugse, og lytte til Magne Olav sine tonar frå galleriet. Samtidig bli mint på at det heilage rommet er i og mellom oss menneske, men og at snart; når klokkene lokkar, vil vi samle oss her i flokkar. Eli  lagt ut ein video på facebook, sjå den på denne lenken:

Video frå Volbu kyrkje Kyrkja ho er eit gamalt hus, på orgel kyrkjemusikar Magne Olav Selland.

530 Kyrkja ho er eit gamalt hus

Tekst NFS Grundtvig, oversett av Anders Hovden

Melodi Ludvig M. Lindemann

1 Kyrkja ho er eit gamalt hus,

stend om enn tårna mun falla.

Tårn etter tårn dei sokk i grus,

endå kan klokkene kalla,

kalla på gamal og på ung,

mest då på sjela trøytt og tung,

sjuk for den evige kvila.

2 Herren, vår Gud, i hus ei bur

som dei kan byggja med hender,

men til den sjel som barnleg trur,

han i si miskunn seg vender.

Underfullt hus, eit tempelkor,

bygde han seg i oss av jord,

reiste av gruset i nåde.

7 Gjeve då Gud, der me skal bu,

alltid når klokkene lokkar,

folket i samlynd kristentru

glade i kyrkja seg flokkar.

"Verda vel ei, men de meg ser;

alt som eg seier, sjå det skjer!

Fred vere over dykk alle!"

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"