Konfirmantåret

Her presenterer vi glimt frå eit konfirmantår! Ingen år er heilt like, men her får du som konfirmant ein liten smakebit på noko av det du vil møte i løpet av konfirmantåret. Konfirmantåret er det mest omfangsrike tiltaket i trusopplæringsplanen vår og munnar ut i konfirmasjon på våren det året ungdomane fyller 15 år.


Pilgrimsvandring.
Konfirmantåret startar med pilgrimsvandring frå Volbu kyrkje til Hegge kyrkje. Her kan foreldre, fadrar m.m. være med og programmet avsluttar med messe i Hegge kyrkje.

Frå pilgrimsvandringa hausten 2018. Foto: Eli Vatn

 

Undervisning.
Gjennom regelmessige samlingar får konfirmantane møta den kristne trua i form av undervisning og deltaking på gudstenester. Konfirmantane pregar både gudstenestene og det som elles skjer i kyrkja. Ein merker det godt på gudstenestene når konfirmantane er i gang med sine samlingar, då fylles kyrkja med ungt engasjement. Konfirmantane er flinke til å møte til gudstenester og deltar aktivt i gudstenestene med ulike gjeremål.


Prosjekt: "Lokalkyrkja vår"
I løpet av hausten er alle konfirmantane med på prosjektet «Lokalkyrkja vår», og ein kan velje eit av følgjande prosjekt:

  • Klokkeringing: Innebær å vera med på helgeringing to av dei 4 gongene det vert ringd til helg i dette konfirmantåret.
  • Song og spel på sjukeheimen/Diakoni.
  • Synge/spele på gudsteneste: Saman med kyrkjemusikaren og ein av prestane vil de vera med og bidra musikalsk på ei eller to gudstenester
  • Bli kjend på kyrkjegarden: Saman med kyrkjeverje blir de kjend med kyrkjegarden sine mange rom.
  • Kristneteppet: Eit innblikk i korleis ein lagar kristneteppet, og skikkane rundt bruken av det.

Kristneteppe og vev. Foto: Eli Vatn

 

Konfirmantleir.
Det som for mange konfirmantar står som høgdepunktet, er helga i februar då vi saman reiser på HEKTA-leir! Dette er eit flott arrangement som går føre seg i Håkonshallen med over 1200 deltagarar frå heile landet. På Hekta er det show, samlinger, gudstjeneste, undervisning og masse ulike og kule aktiviteter: - Hafjell Alpinsenter - Bob- og akebane - Jorekstad badeland - Miniski bak snøscooter, skiskyting, pil&bue, snøvolleyball og snølek på Birkebeineren skistadion - Kjelkekjøring m.m. - Volleyball, formingsverksted, dans, teatersport og band i Håkons Hall.

Sagt av konfirmantar etter deltagelse på leiren:

"I løpet av helga vart vi betre kjend med både oss sjølve og den kristne tru. På konsertar og samlingar var det mange flinke songarar, prestar og skodespelarar som verkeleg opna augne våre for kor morosamt kyrkje og kristendom kan vere. På dagane var det morosame aktivitetar, der ein kunne delta på alt frå slalåmkøyring i Hafjell til å perle bønnekrans. Alt i alt var dette ei fantastisk oppleving, og vi ser allereie fram til ny leir i Kragerø til sommaren".

 HEKTA foto: Stian Karlstad Berntsen

Direktesendt gudstjeneste på HEKTA konfirmasjonsleir Håkonshallen. foto: Markus Lierhagen

 

Fasteaksjonen.
Fasteaksjonen går av stabelen søndag - tirsdag før palmesøndag kvart år og konfirmantane utgjer ein stor del av bøssebærarne. Fasteaksjonen er ein av Noregs største dør-til-dør aksjonar og har som mål å samle inn penger til dei som treng det mest. Foreldre og foresatte deltar som sjåførar og/eller bøssebærare.

Konfirmantar deltek på Fasteaksjonen. Foto: Saskia Aleida Van Veen

 

Samtalegudsteneste.
Samtalegudstenesta er siste post i undervisningplanen før den store dagen. På denne gudstenesta deltek alle konfirmantane og syner på ulike måtar det ein har lært gjennom heile året. Dette er ei høgtidleg stund og foreldre, fadrar og anna familie er med. Etter gudstenesta er er det samling med utdeling av kapper og orientering om sjølve konfirmasjonsdagen.



Frå samtalegudteneste i Rogne kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

 

Konfirmasjonsdagen.
Så er vi komen til den store dagen!
Konfirmasjonsdagen er ein stor festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerer avslutninga på ei spanande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare.
I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane kneler ved alterringen og presten ber for deg.
Etterpå gudstenesta helsar kyrkjelyden på alle konfirmantane og vi tek bilde før alle drar til sitt for å feire den store dagen!

Ein festdag i Rogne kyrkje! Foto: Benjamin Loeb


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"