Vedtekter

Vedtekter for kyrkjegardane i Øystre Slidre

§1. KYRKJEGARDSTILHØRING

Avlidne personar i kommunen kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskje dersom dei ikkje blir gravlagde i ein annan kommune. Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet.

 

§2. FREDINGSTID OG FESTETID

Fredingstid for oskeurner er 20 år.

Fredingstid for kister er 20 år.

Festetida er 5 år.

Graver i namna minnelund kan festast på lik linje med andre graver på gravplassen.

 

§3. FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teke  bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer da ein gravstad.

Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

I namna minnelund kan det ikkje festast ei grav ved sidan av.

Ein fortsett å betale festeavgift ved gjenbruk av festa grav. Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 40 år etter gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast, men festaren pliktar å melde frå om endring i adresse.  Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden attende til kyrkjegarden. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom den ansvarlege for frigrav eller festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravlegging.

 

§4. GRAV OG GRAVMINNE

Urner skal stå minst 0,5 m under fast jordkant. Ingen kan setja ned urner utan at kyrkjeverja har fått melding om det. Arbeidet skal utførast av kyrkjegarden sine folk.

Når grav vert opna, kan jord leggjast på gravene omkring og gravminne kan mellombels flyttast. Gravplasstilsette syter for at gravene vert sette i stand att, samt for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp før kyrkjeverje har godkjent det. I mellomtida kan dei pårørande sette opp eit merke med namnet til den avlidne. På nyfesta gravstad set ein opp eit gravminne sentralt i bakkant av gravstaden.

 

§5. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det skal ikkje plantast vokster som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.

Det er høve til å tenne lause lykter på grava, men ikkje å bruke faste dekorgjenstandar, så som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt natursteinkant som fluktar med terrenget rundt, men det er ikkje høve til å ramme inn grava eller deler av henne med hekk,. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.  

 

§6. PLANTETILFANG

Kransar, blomar og anna materiale som vert nytta ved gravferd eller pynting av kista skal kunne komposterast. Det som ligg oppå grava etter ei gravferd, skal fjernast etter tre veker. Dersom dette ikkje skjer, vert blomane fjerna av kyrkjegardsbetjeninga.

 

§7. STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stelle den grava som han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsbetjeninga.

Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg pynting på grav mot forskotsbetaling.

Reiskap som høyrer kyrkjegarden til, må setjast på plass etter bruk.

 

§8. AVTALE OM STELL AV GRAV.

Mot innbetaling av ein bestemt sum kan kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden i eitt eller fleire år. Det skal då signerast ei avtale om dette. Midla vert forvalta av fellesrådet. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid, samt medrekna administrasjon, revisjon og eventuell meirverdiavgift.

Avtala skal ikkje opprettast slik at den varer lengre enn den festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske førehald i avtaletida at midlane ikkje rekk til, skal fellesrådet gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er da høve til å auke summen slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.

Dersom det er midlar att når tida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjera kyrkjegarden vakrare. Kapitalen frå dei ulike avtalene vert forvalta i fellesskap, men fellesrådet fører eigen rekneskap for kvar avtale som vert revidert årleg. Det skal nyttast undersystem som til kvar tid held greie på bruk  og kva beløp som står att på dei ulike avtalene. Det er også mogeleg å betale gravstell for eitt år om gongen.

 

§9. BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda saman med tilsette.

Har den avlidne vore sendt langvegs, må ikkje kista opnast utan særs grunn, og familien har tilrådd det.

 

§10. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkommande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.

Kyrkjegardsbetjeninga kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

 

§11. YMSE FORSKRIFTER

Gravminnet er de pårørande sin eigendom. Når ei grav fell attende til kyrkjegarden, har fellesrådet rett til å ta vekk minnestein o.a. som står på grava, om ikkje dette er gjort innan ein frist på seks månader etter varsel. Kyrkjegarden skal vere inngjerda og med god port. Opphald, ferdsel og arbeid på kyrkjegarden skal skje på sømeleg vis og vere minst muleg støyande, slik at det ikkje verkar støytande på nokon. Besøkjande skal ferdast gåande når det er mogeleg og hundar skal haldast i band.

 

Revidert av Øystre Slidre kyrkjeleg fellesråd 20.03.18

Godkjend av Hamar Bispedømmeråd.    

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"