Hegge stavkyrkje sumar 2019

Hegge stavkyrkje er sumarope 1.juli - 11.august

Foto: Saskia A Van Veen

I sumar kan du oppleva den eldste bygningen i Øystre Slidre.  Dørene er opne kvar dag i seks veker, frå 1.juli til og med 11. august. Tilbodet er gratis.

Om du er mest interessert i korleis kyrkja er bygd, kor gamle ting er og så bortetter, er det omvising med guide laurdag, sundag og måndag frå kl. 11.00-16.00.

Tysdag, onsdag, torsdag og fredag er kyrkja open med guide til stades frå kl. 16.00-18.00

Ved omvising for grupper utanom desse tidene kan ein ta kontakt med Kyrkjekontoret tlf. 61352578 eller på e-post: post.oystreslidre@kyrkja.no  Då kostar tenesta kr. 500,-.

Desse tilboda er til for at både bygdefolk, hyttefolk, turistar og pilegrimar kan kome inn og finne nye krefter i eit hus som ikkje er som andre.

Her kan både gamal og ung sleppe undringa til.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"