Torsdag den 28. mars kl. 19.00 er det moglegheit for ei spesiell oppleving i Volbu kyrkje.
Vi får besøk av Tim Peterson som kjem frå Minneapolis i USA. Han vil framføre deler av Markusevangeliet utanat på norsk, mellom anna heile lidingshistoria. Det tar ca ein time. Det er fri inngang, men moglegheit for kollekt.
Tim Peterson er amerikansk, men har lært seg godt norsk. Det er ikkje så rart – han har sine aner frå Valdres, nærmare bestemt Høresbygden. No i mars reiser han rundt i heile landet ein månads tid og framfører Markusevangeliet mange stader. Vi ser fram til besøk i Volbu og ønskjer alle vel møtt.
-Carl Philip Weisser