Til deg som er konfirmant 2027

Velkomen til orienteringsmøte for konfirmant og føresette i Rogne kyrkje tysdag 25. august 2026 kl. 19-21

Publisert:

Til deg som er konfirmant 2027

Til deg som skal begynne i 9.  klasse – og føresette

Har du tenkt på konfirmasjon?

Tilsette og sokneråd i Øystre Slidre ønskjer alle nye konfirmantar velkomne til eit nytt konfirmant år.

Orienteringsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette tysdag 25. august 2026 kl. 19:00-21:00 i Rogne kyrkje

Undervisning, leir og gudstenester.

Vi plar ha undervisning rett etter skula tysdagar ca. ein gong i månaden. Vi utforskar tema som «Gode val i livet;  korleis leve godt saman», «er det liv etter døden», «Gud; mann eller kvinne?» og mykje anna.  De skal vera medhjelparar på nokre gudstenester, desse vil vi forsøke å tilpasse slik at det ikkje kjem i konflikt med andre helgeaktivitetar. 19. - 21. februar 2027 vert det etter planen Hekta leir på Lillehammer! Vi treng foreldrehjelp for å kunne reise, så vi ber dykk alt no sjå om nokon har høve til å vera med.

Fyste obligatoriske samling er sundag 30. august kl. 10.00- 18.00

Då dreg vi på pilegrimsvandring med startsamling i Volbu kyrkje, langs Vindeåne til Hegge stavkyrkje der vi er med på gudstenesta kl. 17.00. Turen er både for konfirmantar og føresette, fadrar og andre som vil vera med.

 

Innmelding så snart som råd!

Vi har lagt ved eit meldingsskjema som vi bed dykk fylle ut og sende til kyrkjekontoret i løpet av juli slik at vi kan planlegge året som kjem. Vår erfaring er at brev som kjem i løpet av sumaren har ei tendens til å bli borte, så de får likevel sjansen til å ta med på skjema på møtet 25. august. NB! Det vert endå strengare for oss når det gjeld å offentleggjere personinformasjon, så hugs å fylle ut vedlagte skjema. Ungdommar som ikkje er døypte er òg sjølvsagt velkomne som konfirmantar. De kan då døypast i ei gudsteneste for dykk sjølve før konfirmasjonen.

 

Konfirmantane får i enkelte tilfelle servert mat, for å dekke dette ei avgift på kr. 500,-.

Leiren har ein eigenandel på kr. 1.000,-.  Faktura kjem.

Om ein ønsker å dele opp faktura i avdrag, eller søke fritak frå betaling grunna økonomiske forhold, ta kontakt med kyrkjeverje på oe777@kyrkja.no mobil 481 40 309. Alle skal kunne stå til konfirmasjon uansett.

 

Beste helsing  sokneprest Ola Viker Lunde

      tlf. 976 16 606 ol822@kyrkja.no

 

 

Konfirmasjonsdatoar våren 2027 er

06. juni 2027 kl. 10:30 Volbu kyrkje

06. juni 2027 kl. 12:30 Rogne kyrkje

13. juni 2027 kl. 10:30 Lidar kyrkje

13. juni 2027 kl. 12:30 Hegge kyrkje

 

      

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"