Til deg som skal begynne i 9. klasse – og føresette
Har du tenkt på konfirmasjon?
Tilsette og sokneråd i Øystre Slidre ønskjer alle nye konfirmantar velkomne til eit nytt konfirmant år.
Orienteringsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette Tysdag 19. august 2025 kl. 19:00-21:00 i Rogne kyrkje
Ungdommar som ikkje er døypte, er sjølvsagt velkomne som konfirmantar. Dei kan då døypast i ei gudsteneste for dykk sjølve før konfirmasjonen. Dei som ikkje er døypte i Øystre Slidre må levere kopi av dåpsattest.
Undervisning og gudstenester.
Vi plar ha undervisning rett etter skula tysdagar ca. ein gong i månaden. De skal vera med på nokre gudstenester, desse vil vi forsøke å tilpasse slik at det ikkje kjem i konflikt med andre helgeaktivitetar.
Fyste obligatoriske samling er sundag 31. august 2025 kl. 10.00- 18.00
Då dreg vi på pilegrimsvandring med startsamling i Volbu kyrkje, vi går vidare derifrå til Sebu og langs Vindeåne til Hegge kyrkje der vi er med på gudstenesta kl. 17.00. Turen er både for konfirmantar og føresette, fadrar og andre som vil vera med.
Velkomne!
Konfirmasjonsdatoar våren 2026 er
07. juni 2025 kl. 10:30 Volbu kyrkje 07. juni 2025 kl. 12:30 Rogne kyrkje
14. juni 2025 kl. 10:30 Lidar kyrkje 14. juni 2025 kl. 12:30 Hegge kyrkje