I løpet av kvelden var kyrkjelydshuset på Kausland fylt med latter, musikk, leik, god mat og god stemning. Vi hadde omvendt stolleik (kor mange personar får du plass til på ein stol?), papirflykonkurranse (det eine papirflyet fekk bonuspoeng for høgaste flytur – den hamna nemleg i lysekrona!), ballongdans, quiz, kiosk, sukkerspinnmaskin, biljard og bordtennis. Noko for ein kvar smak, altså!
Fredag 25. september er det duka for Treffpunkt igjen. (Men ikkje Spesial denne gongen). Då er alle tweens og ungdom frå 6. klasse og oppover invitert til å komme.










