Det kom mange kvinner og menn til fellesskapet vårt denne dagen, også fleire som var der for første gong. Temaet var “Havlandet – ei reise i bilete, ord og tonar,” som Marie og Kjell formidla så fint gjennom vakre naturbilete, dikt, musikk og eigne ord.
Ekteparet var utsett for ei alvorleg trafikkulykke mange år tilbake, og har etter dette funnen mykje meining i å vera i naturen, ta bilete og formidla dette saman med eigne livs- og Gudserfaringer. “Dei triste historiene” til Marie er flotte og sterke dikt som ho har samla i fleire diktbøker. I dikta har Marie fokus på håp og glede midt i det som skjer i livet og naturen. Det var god prat rundt borda og mange takksame Sund-sokningar som gjekk ut i sola etter eit fint treff som berørte mange hjarte.





