Over 100 000 kroner vart samla inn på Julemessa

Det var god stemning og godt med folk då Sund sokneråd inviterte til julemesse i kyrkjekjellaren i Sund kyrkje laurdag 14. november.

Publisert:

Over 100 000 kroner vart samla inn på Julemessa

Konfirmantane var med og bidrog gjennom dagen. Dei hjelpte til i kafeen, selde årer og delte ut gevinstar etter kvart som vinnartala vart ropte opp. Stjernekoret, med fire flinke jenter, sytte for musikalske innslag og song to songar for dei frammøtte.

Det var mykje heimelaga å finne på julemessa. I kafeen kunne gjestene kose seg med laurdagsgraut og gode kaker, medan utsalet baud på julekaker, heimelaga saft, syltetøy og anna bakst. I tillegg var det julemarknad, loddbøker og mange fine gevinstar i åresalet.

Det vart ein flott førjulsdag med mykje engasjement, gode møte og stor giverglede. Tusen takk til alle som kom, handla, kjøpte lodd og årer, og ikkje minst til alle som stilte opp og gjorde julemessa mogleg. Saman bidrog dei til eit resultat på over 100 000 kroner til glede for barn og vaksne i kyrkjelyden.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"