Jobbskygging med dei aller yngste

Song, leik og sommarlunsj prega semesteravslutninga for babysongarane i Foldnes kyrkje. Med på laget var også åttandeklassingen Håvard Vincent, som hadde valt kyrkja som arbeidsplass på jobbskyggingsdagen sin.

Publisert:

Jobbskygging med dei aller yngste

Fredag 22. mai var det semesteravslutning for "babysongarane" i Foldnes kyrkje. Denne gongen hadde vi sjølvsagt vår- og sommartema. Vi hadde laga både songhefte og ei skreddersydd speleliste, med songar som handla om alt frå småfuglar og pinnsvin, til vær og vind, og "bakkar og berg utmed havet".

Etter songstunda hadde vi deilig sommarlunsj og god tid til prat og leik. Det var 19 babyar som var med denne gongen, i tillegg til mødre, mange fedre, eit storesøsken og ein besteforelder.

Denne gongen hadde vi også med oss ein flott ungdom, åttandeklassingen Håvard, som hadde vald dette som sin jobbskyggingsdag, og det var vi veldig glade for. Han var kjempegod både til å hjelpe til med praktiske ting ved rigging og rydding, og til å vere med dei små babyane, som han fekk god kontakt med. Han er hjarteleg velkomen til å ha oss som arbeidsstad ved arbeidsveka neste skuleår, dersom han vil.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"