Laurdag 17. oktober
Kl. 10.00 – Temasamling for vaksne ved Kjersti Gautestad Norheim
«Når unge søkjer kyrkja: Kven er dei, og kva treng dei?»
Samtidig blir det eige opplegg for barna.
Kl. 12.00 – Lunsj
Graut og tomatsuppe
Kl. 13.00 – Sporløp
Bli med på ein morosam aktivitet for små og store!
Kl. 14.00 – Ettermiddag med ulike aktivitetar
Tur, kanopadling, strikking, prat og kaffidrikking.
Kl. 16.00 – Pop-up-kor
Har du lyst til å syngje saman med andre? Bli med! Ingen opptaksprøve.
Kl. 17.00 – Middag
Taco
Kl. 18.00 – Misjonsbasar
Kaffi, kaker, loddsal og god stemning.
Kl. 19.00 – Underhaldning
Vi samlast til ein hyggeleg kveld med latter og underhaldning.
Kl. 21.00 – Kveldsavslutning
Søndag 18. oktober
Kl. 11.00 – Familiegudsteneste med gospelpreg
Gospelkoret Lokal Vokal deltek.
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi. For dei som ønskjer det, blir det også høve til å bli med på ein felles fjelltur i nærleiken.
Heile helga er gratis!
Måltida og alle aktivitetane er gratis, og du treng ikkje vere med på alt. Det er heilt fint å kome innom og delta på delar av helga.
For at vi skal kunne planleggje mat og barneopplegg, er det fint om du melder deg på på e-post til e-post til perhelgerefvik@msn.com eller send melding til 982 18 753. Skriv gjerne kor mange de er, og alder på eventuelle barn.
Vi treng også nokre som kan hjelpe til med å gjere klart og rydde etter lunsj og middag. Gi gjerne beskjed dersom du kan bidra!
Ta med familien, ein ven eller ein nabo – og bli med!
Vi håpar å sjå mange av dykk til ei sosial, morosam og innhaldsrik helg i Foldnes kyrkje.
Velkommen!
Med venleg helsing
Soknerådet i Foldnes
