Temasamling og aktivitetar for barna
Laurdagen starta med ei temasamling for dei vaksne leidd av Kjersti Gautestad Norheim, under tittelen «Når unge søker kirken: Hvem er de, og hva trenger de?». Samstundes var det eit eige aktivitetsopplegg for barna.
Aktivitetar, basar og kveldsprogram
Etter felles lunsj og sporleik, var det mogleg å delta på ulike aktivitetar. Nore padla kano eller gjekk tur, medan andre nytte høve til handarbeid og kaffipause innandørs. Det var også eit pop-up-kor som øvde på laurdag og song på gudstenesta søndag.







Laurdagskvelden starta med tacomiddag, følgt av misjonsbasar med åresal, kaffi og kaker. Inntektene gjekk til kyrkjelyden sine misjonsprosjekt. Programmet heldt fram med underhaldningsinnslag som sketsjar, leikar og vitsestevling, før samlinga vart runda av med ei kveldsstund i kyrkjerommet.



Familiegudsteneste med Lokal Vokal
Søndag vart helga avslutta med familiegudsteneste, der gospelkoret Lokal Vokal deltok med song og musikk. Etter gudstenesta og kyrkjekaffien gjekk ei gruppe av deltakarane ein felles fjelltur i nærområdet.





