Jazzgudsteneste og Gospelkonsert med ein smak av jazz

8. og 10. november blei Foldnes kyrkje fylt med friske jazz- og gospeltonar, først på jazzgudsteneste på søndag 8. nov, der ei fullsett kyrkje med nesten 300 tilstades deltok med liv og lyst i gudstenesta, med allsang og liturgi i jazzdrakt. Eit orkester med tre blåsarar gav eit eikstra løft til både salmesong og instrumentalmusikk.

Publisert:

Jazzgudsteneste og Gospelkonsert med ein smak av jazz

Berre to dagar etter var den same musikargjengen i sving att, forsterka med dei to framifrå vokalistane Solveig Mo Salbu og Remy Olsen, som sang ein variert utval av gospelsongar, frå dei meir ettertenksame til låtar med full trøkk, i lett blanding med både allsang med god trøkk frå eit engasjert publikum, m.a. på den gamle klassikaren Oh Happy Day, og  instrumental jazz med blåsarrekka som frontfigur. Her vart det presentert både amerikansk og tsjekkisk jazz, og ein heil del låtar av organist Aasmund Brekke som ikkje har vore framført mykje – det vel så vidt det ikkje var urframføringar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"