Palmesøndagens gudsteneste tok til med at barnekoret gjekk inn i prosesjon med palmeblad, saman med dåpsbarna og familiane deira. Det sette ei roleg og høgtidleg ramme for starten. Etter inngangshelsinga vart tre babyar borne fram til dåp, medan mange av barna samla seg sat framme på det raude teppet og følgde med.




Dåpen fekk stå som eit tydeleg midtpunkt tidleg i gudstenesta. Etterpå kom barnekoret fram, og songen deira fylte rommet med glede.
Seinare i gudstenesta forma Maria Tveten preika fram som ei påskevandring. Gjennom forteljing og symbol vart kyrkjelyden ført gjennom dagane i påskeveka, frå palmesøndag til påskedag. Barna vart inviterte fram og sat på trappa opp mot koret, der dei fekk vere tett på det som vart fortalt. Mot delte Maria utblomar til barna, som dei la ved ei framstilling av den tomme grava. Samstundes song kyrkjelyden «Mine hender er fulle av blomar», og avslutta vandringa med eit uttrykk for håp og nytt liv.







Etter preika var det nattverd med ei bønnevandring, her kunne ei bere fram ei stein, skrive ned ei bøn og tenne eit lys. Gudstenesta vart runda av med song frå barnekoret, før kyrkjelyden samla seg vidare til kyrkjekaffi og aktivitetar for barna.
