45 frivillige medarbeidarar samla til fest

Medan sol, vind og haglbyger slåst utanfor Fjell kyrkje, samla 45 gode frivillige medarbeidarar seg til fest innandørs. I sommarpynta sal, med god mat, underhaldning og inspirerande ord, var folket samla for å heidra kvarandre.

Publisert:

45 frivillige medarbeidarar samla til fest

Alle er like viktige: enten ein bidreg som musikar, søndagsskulelærar, kaffikokar, vertskap, tekstlesar, basararrangør, medlem i soknerådet, tweensleiar, forbeder eller givar. Saman byggjer vi den kyrkja vi drøymer om!

Ord til inspirasjon kom frå Anne Merete Flekstad Vik. Som psykiatrisk sjukepleiar minna ho oss om «5 om dagen» for psykisk helse – kvardagsglede. Dette er fem grep for betre livskvalitet:

  1. Knyt band
  2. Ver aktiv
  3. Ver merksam
  4. Fortset å læra
  5. Gje

Dette gav både ettertanke og påfyll til dei frammøtte. Seinare fekk vi besøk av to festlege basardamer, og latteren sat laust. Som avslutning samla alle seg til stemningsfull lystenning, bøn og song i det vakre kyrkjerommet.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"