Dagens bibelord

Jesaja 40,26–31

Dagens bibelord 27.04.2026

Jesaja 40,26–31

26  Lyft auga mot det høge og sjå:
Kven har skapt alt dette?
Han som tel stjernehæren,
fører dei ut
og kallar dei alle ved namn.
Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig
at ikkje éin skal mangla.

27  Kvifor tenkjer du, Jakob,
kvifor seier du, Israel:
«Min veg er løynd for Herren,
min Gud bryr seg ikkje om min rett»?
28  Veit du ikkje, har du ikkje høyrt?
Herren er den evige Gud
som skapte endane av jorda.
Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten,
ingen kan utforska hans forstand.
29  Han gjev den trøytte kraft,
og den som ikkje har krefter,
gjev han stor styrke.
30  Gutar blir trøytte og slitne,
unge menn snublar og fell.
31  Men dei som ventar på Herren,
får ny kraft,
dei lyfter vengene som ørna,
dei spring og blir ikkje slitne,
dei går og blir ikkje trøytte.

Kilde: www.bibel.no